Det er Bane NOR som opplyser at det vil bli utført arbeid på Dovrebanen på strekninga Hamar-Trondheim gjennom helga, noko som medfører at Dovrebanen vil vera stengt for all vanleg rutetrafikk nord for Hamar frå tidleg laurdag morgon og fram til måndag morgon.

Det vil bli sett opp buss for tog.

Mellom anna skal togskinner, sviller og sporvekslar bytast ut gjennom helga, for å sikre at tryggleiken på Dovrebanen er på topp.

Sjølv om det ikkje går rutetog mellom Hamar og Trondheim i helga, gjer Bane NOR merksam på at det vil vera anleggsmaskinar i full fart på jernbanen i samband med vedlikehalds- og fornyingsarbeidet som skal utførast, og at det er forbode å opphalde seg i og ved sporet.