I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidsitrikt har ein lastebil køyrd inn i ein personbil på riksveg 15 i Hamsevika i Breidalen i Skjåk.

Meldinga om ulykka kom klokka 14.

Politiet opplyser rett etter klokka 14 at naudetatar er sendt til staden. Ingen skal, i fylgje politiet, vera fastklemd. Politiet har så langt ikkje oversikt over kor mange som er involvert i ulykka.

Det har sidan høgst dag torsdag vore kolonnekøyring på fjellovergangen på riksveg 15, og klokka 14.30 opplyser operasjonsleiar Per Solberg til Fjuken at ulykka skal ha skjedd i samband med kolonnekøyringa.

– Det har vore låg hastigheit, og frå ein person på staden har politiet fått opplyst at personbilen har vorte påkøyrd bakfrå. Det er noko materielle skader, men vi har ikkje fått opplysningar om at det skal vera prat om personskader. Vi har ikkje heilt oversikt over dei involverte ennå, seier Solberg.

Det er utfordrande køyreforhold.

– Frå brannvesenet, som ligg an til å koma fyrst fram til staden, har vi fått opplyst at det er glatt i området, seier operasjonsleiaren.

Oppdatering klokka 16.33:

Politiet melder at èin person blir køyrt til sjukehus for nærare helsetilsyn. Førar av lastebilen er avhøyrt, og har erkjent å ha køyrt inn i bilen framfor seg. Både lastebil og personbil blir berga frå staden nå.

Politiet opprettar sak.