Aksel Vilhelm Steen har dei siste 15 åra sett signaturen sin på mjølkespann med fargerike lokale motiv. Som desse to frå Søre Skjellum og Storsteinrusten. For kunstnaren sjølv som er fargeblind, ser motiva gråe og triste ut. Er det ikkje noko som heiter at «kunden har alltid rett»? Folk er nøgde med resultatet og seier at han brukar fine fargar. – Det er artig at folk set pris på det eg driv med. Det er ein fin hobby.