Satsen for ulovleg bruk av mobiltelefon bak rattet vart i fjor auka frå 5.100 kroner til 7.450 kroner, samt tre prikkar i førarkortet. 1. februar i år auka denne satsen med 30 prosent: Dersom du brukar mobiltelefonen under køyring, blir du nå straffa med 9.700 kroner.

Ulovleg mobilbruk var ikkje det einaste som vart dyrare frå 1. februar. Det har også vorte dyrare å bryte fartsgrensa.

Når fartsgrensa på staden er 60 km/t eller lågare, og fartsoverskridinga er (tidlegare sats i parentes):

Til og med 5 km/t – kr. 1 100,- (850,-)

Til og med 10 km/t – kr. 3.000,- (2.300,-)

Til og med 15 km/t – kr. 5.400,- (4.150,-)

Til og med 20 km/t – kr. 7.800,- (6.000,-)

Til og med 25 km/t – kr. 12.100,- (9.300,-)

Når fartsgrensa på staden er 70 km/t eller høgare, og fartsoverskridinga er (tidlegare sats i parentes):

Til og med 5 km/t – kr 1.100,- (850,-)

Til og med 10 km/t – kr. 3.000,- (2.300,-)

Til og med 15 km/t – kr. 4.800,- (3.700,-)

Til og med 20 km/t – kr. 6.700,- (5.150,-)

Til og med 25 km/t – kr. 9.100,- (7.000,-)

Til og med 30 km/t – kr. 12.100,- (9.300,-)

Til og med 35 km/t – kr. 14.500,- (11.150,-)

Når fartsgrensa på motorveg er 90 km/t eller høgare, og fartsoverskridinga er (tidlegare sats i parentes):

36 km/t til og med 40 km/t – kr. 15.100,- (11.600,-)

Køyring med motorvogn på raudt ljos, ulovleg forbikøyring, brot på vikeplikt, eller å halde for kort avstand til køyretyet framfor kostar nå 9.700 kroner. Tidlegare sats var 7.450 kroner.

Brot på svingforbod, innkøyring forbode, einvegskøyring, køyring i kollektivfelt og gågate har nå ein bøtesats på 7.800 kroner, mot tidlegare 6.000 kroner.

Køyrer du og det er feil ved nærljos, fjernljos eller køyreljos kan du vente å få ei bot på 3.700 kroner, mot tidlegare 2.800 kroner. Dette gjeld også om du køyrer med ljos som blir bruk på feilaktig måte, eller om du ikkje har tilstrekkeleg utsyn.

Køyring med motorvogn på gang- og sykkelveg, på eller over gul eller kvit sperreline kostar 5.900 kroner. Tidlegare sats var 4.550 kroner.

Kjelde: Lovdata