Det er Marlo skule som har hatt ubedne gjestar.

For tida er det stor byggjeaktivitet på den tidlegare barneskulen i Skjåk, som nå er eigd av ekteparet Erik og Isabella Ødegård. Dei kjøpte den nedlagde skulen i november 2020, gjennom aksjeselskapet TopTarget AS .

Det er store verktøy for store verdiar frå Marlo skule. Foto: Tom Erik Solstad

Store verdiar

Politiet vart kontakta om hendinga torsdag morgon. Det var Ødegård sine arbeidarar som oppdaga innbrotet da dei kom på jobb om morgonen.

Politibetjent Pål Tore Brendløkken og politioverbetjent Roger Haugen var på åstaden torsdag føremiddag for å sikre bevis.

Haugen fortel til Fjuken at det har vorte stole for store summar.

– Gjerningspersonen eller -personane har knust ei rute på inngangsdøra og teke seg inn der. Det har vore eit grovt tjuveri. Det er borte ein god del handverktøy.

Ei rute i ei dør har vorte knust. Foto: Tom Erik Solstad

– Kor store verdiar er det prat om?

– Ganske store verdiar, seier Haugen.

Ynskjer tips

Politiet er svært interessert i tips i saka.

– Byggjearbeidarane har fått beskjed om at dei kan byrje å jobbe att. Vi har nå fått sikra det vi kan sikre av spor og bevis her, mellom anna har vi prøvd å sikre DNA. Vi er elles interesserte i tips og opplysningar frå publikum. Om einkvan har sett mistenkeleg aktivitet når det gjeld folk eller køyrety, eller har høyrd lydar, ber vi om at politiet blir kontakta på telefonnummer 02800, seier Roger Haugen.

Politibetjent Pål Tore Brendløkken og politioverbetjent Roger Haugen oppmodar publikum som kan ha sett eller høyrd noko om å ta kontakt med politiet. Foto: Tom Erik Solstad

– Ikkje artig

Eigar av skulebygget, Erik Ødegård, fortel til Fjuken at innbrotet har skjedd ein gong mellom klokka 19 onsdag kveld og 7 torsdag morgon.

– Arbeidarane mine gjekk att frå bygget klokka 19 onsdag. Da dei kom på jobb att torsdag morgon klokka 7 fann dei ikkje verktøyet sitt. Dei byrja å leite og da oppdaga dei at vindauget i døra på hovudinngangen var knust. Da sende dei melding til meg, seier Ødegård.

Ødegård er ikkje i Skjåk torsdag, og har difor ikkje fått vore på staden sjølv og sett. Når Fjuken ringer han torsdag føremiddag, sit han og prøvar å få oversikt over verdiane som har vorte borte, etter å ha hatt dialog med politiet.

– Førebels er eg oppe i 100.000 kroner, og det er mine rabatterte prisar. Den veiledande verdien på verktøyet ligg nok på det dobbelte. Heldigvis har dei ikkje fått stole alt verktøyet i bygget, seier Ødegård.

Det er Erik Ødegård som eig Marlo skule saman med kona Isabella. Dette bildet er frå eit tidlegare høve. Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Han tykkjer ikkje noko om hendinga.

– Dette er ikkje artig i det heile tatt. Eg må nå bestille mykje nytt verktøy, og det som har vorte skadd i samband med innbrotet må reparerast. Nå kjem eg til å få sett opp sikring ved skulen før det blir lagt inn noko nytt utstyr der, seier Erik Ødegård.

I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt har det dei siste vekene vore fleire innbrot og tjuveri i Gudbrandsdalen.

Døra ved hovudinngangen har vorte knust. Foto: Tom Erik Solstad
Spor etter innbrotstjuven eller -tjuvane. Foto: Tom Erik Solstad