I snart 150 år har Den Norske Turistforening jobba for at fleire skal kunne oppleve noko av verdas finaste naturopplevingar som turist i eiga land.

– Turkatalogen er eitt av mange tiltak for å vise enda fleire kva for fantastiske friluftsmoglegheiter og spennende turmål som finst i Norge. Nå håper vi at vi kan inspirere enda fleire til å oppdage nye delar av det vakre landet vårt, fortel generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Blant dei 52 utvalde turane er desse lokale turmåla:

23.–26. juni er det Fjellfestival på Gjendesheim i samband med opning av sommarfjellet. Her blir det turar, kurs og aktivitetar for alle aldrar, leik og god mat.

I slutten av juli kan ein bli med på tur langs den historiske vandreruta over Kamperhamrane i Breheimen. Denne gamle ferdselsvegen frå Stryn gjennom Sunndalen til Skjåk vart opna i fjor. Mest imponerande er kanskje dei tre tusen oppmura steintrappane i fjellet over Kamperhamrane, restaurert av sherpaer frå Nepal i 2013. Ruta går frå Sunndalssetra - Kamperhamrane - Skridulaupbu og Framrusti.

Seniortur ved Gjende i august med tur over Bukkelægeret og Besseggen.

DNT byr på Fjellfestival og seniortur ved Gjende. Foto: ARVE DANIELSEN