Denne helga kjem katastrofefilmen «Bølgen» til Ottadalen. Fredag går filmen i Utgard i Lom, og sundag i Vågå kulturhus.

Filmen tek utgangspunkt i ei komande naturkatastrofe. Fjellet Åkneset kjem på eitt eller anna tidspunkt til å rase ut i Storfjorden og skape ei øydeleggjande flodbølgje.

I verkelegheita: 10 minutt etter raset har gått, vil Geiranger bli råka av bølgja. Den vil slå 70 meter opp i bygda og truleg rasere heile sentrum.

Geiranger ligg berre vel ein times køyretur unna Ottadalen.

Her kan du sjå og lese meir om «Fjellet som trugar» i ein illustrerande artikkel i Sunnmørsposten.