Deltakartalet under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Lom er over det dobbelte, samanlikna med Landsfestivalen dei siste åra.

Torsdag morgon starta tevlingane for fullt i fleirbrukshuset Utgard. I tre dagar skal over 900 deltakarar fordelt på langt bortimot 200 startnummer knive om finaleplassar og gode plasseringar framfor publikum og dommarar.

Gruppespel er den største klassen under årets landsfestival, med heile 38 startnummer, tett etterfylgd av pardans senior med 34 startnummer. Også i solistklassene er det god påmelding.

Alle kveldane, frå torsdag til laurdag, blir det kunngjort kven som har gått til finalen. Finalen blir gjennomført same kveld. Blant alle finalistane får dei tre beste i kvar finale delta på den store Meisterkonserten sundag, som er siste post på festivalprogrammet. Kven som gjer det best i finalane, og som får vere med på denne konserten blir ikkje kunngjort før Meisterkonserten.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Lom vart opna onsdag kveld av stortingspresident Olemic Thommessen.

Even Offerdal Bakken frå Lom spel- og dansarlag. Foto: Tom Erik Solstad
Jørn Kjetil Solbakken frå Vågå spel- og dansarlag. Foto: Tom Erik Solstad