– Døkk er råe spelemenn og musikarar, sa Trond-Ole Haug frå arrangøren da han takk for konserten. Dermed sette han ord på det publikum i kyrkja følte denne kvelden.
Olav Luksengård Mjelva på hardingfele og fele, og Anders Hall på fele og bratsj, spela med ein fart, iver og intensitet som ein skal leite lenge for å finne maken til. Saman med Leif Ingvar Ranøien på toradar, Adam Johansson på gitar og Jens Linell på trommer og perkusjon, baud Sver på storslagen folkemusikk med hemningslaus energi.
Konserten inneheld mest leikar frå den siste plata «Fryd». Tittelmelodien er ein halling signert Olav Luksengård Mjelva frå Røros med røter i Hallingdal. Hallingen vart urframført under Folkemusikkveka på Ål og kafeen Fryd, derav namnet. Leikene frå plata kom som perler på ei snor, krydra med pols frå Røros frå denne norsk-svenske gruppa.