Torsdag vart det sett i gang arkeologisk graving på Brustugujordet i Vågåmo.

Det er Nordplan som har engasjert arkeolog frå Oppland fylkeskommune på vegner av tiltakshavar Coop Innlandet Eiendom, som har planar om å byggje handelssenter på eigedommen.

Bygging av eit handelssenter er ei varm potet. Seinast måndag kveld denne veka var det folkemøte om sentrumsutvikling, der engasjementet om saka var stor.

Brustugujordet er eit område det er stor merksemd rundt i samband med revisjon av samfunn- og arealdelen i kommuneplanen. Kommuneplanen skal godkjennast av kommunestyret våren 2017.

Maskinførar Paul Holen frå Skogen Entreprenør var med og bistod arkeolog med gravinga. Han grov bort det øvste laget av matjord med gravemaskin, medan arkeolog Hildegunn Maria Haanes Ruset gjekk og såg etter moglege spor av kulturminne.

Arkeologen hadde ikkje noko stort håp om å finne noko spennande.