Laurdag var det NM for lag under NM i dart som går av stabelen i Sarpsborg i helga.

Lom Dartklubb er godt representert under meisterskapen, og laurdag deltok Jon Olav Kolden, Håkon Kjørren, Stein Nyøygard og Thomas Eiesar på lag.

Lom tapte 4-9 mot Lillehammer2. Lom leia 3-1, men vart etterkvart slege ut av meisterskapen for lagspel.

Sundag stiller Lom Dartklubb med blanke ark. Da held dartmeisterskapen fram med NM i singelspel. Lomværane som deltek her er Håkon Kjørren, Kolbein Kjørren, Thomas Eiesar og Ola Jon Staurust.