– Eg har opplevd at isen ligg på Gjende i juni, men aldri så mykje snø i fjellet som nå. I år er det dobbelt så mykje snø som vanleg, seier Harald Rune Øvstedal på Gjendebåten AS.

Den kalde våren gjer at det er lite snø som har smelta i fjellet. Og på Gjende ligg isen enda.

Forholda på Gjende gjer at Gjendebåten har utsett sesongstarten ei veke.

– Planen var å starte sesongen på laurdag, men som ein ser på biletet blir dette vanskeleg. Sommaren let vente på seg, men vi reknar med at båtane er ute på vatnet over helga, seier Øvstedal.

Sesongstarten er utsett til 12. juni.