Fleire stader i Ottadalen var det svært vindfullt sundag kveld og natt til måndag. Vindkasta var svært lokale. Berre i Bismo var det stor skilnad på vindstyrken på ulike plassar sundag kveld.

På Nordberg skule vart det ekstraarbeid på vaktmeister Marius Jøingsli måndag. Han hadde teke turen til skulen for å fjerne noko overvatn da han vart møtt av eit utriveleg resultat etter nattas vindkuler.

– Det har tydelegvis vore svært stritt på skulen gjennom natta, seier Jøingsli.

I skulegarden hadde vinden teke tak i to handballmål. Ei søppelkasse og grinda ved innkøyringa til skulegarden hadde også fått gjennomgå.

– Heldigvis var det ikkje så store skader, men det vart noko ekstraarbeid på meg, seier Marius Jøingsli, som fekk rydda opp i skulegarden måndag slik at den er skikkeleg på stell til fyrste skuledag etter påske tysdag.

Ei søppelkasse fekk også gjennomgå. Foto: Marius Jøingsli
Grinda ved innkøyringa til skulegarden fekk også merke vinden. Foto: Marius Jøingsli