– Det var noko av eit syn, seier Liv Sønsteng i Skogbygda i Vågå.

Fredag morgon høyrde ho rare og uvante lydar utanfor soveromsvindauga på Preststulen. Da ho såg ut fekk ho sjå ei rype som kjempa for livet med ein hønsehauk.

Liv fortel at ho tok bilete gjennom vindauga. Etter at motivet var sikra, opna ho vindauga. Da forsvann hønsehauken med byttet sitt. Byttet var ein lirype stegg.

– Det var trist for rypa, men slik er naturen, seier Liv Sønsteng.

Både Knut Øyjordet i Vågå fjellstyre og Jon Opheim i Statskog har sett bileta og stadfestar at rovfuglen er ein hønsehauk. Opheim som er ornitolog, fortel at rovfuglen er ein ung hønsehauk. Den stripa vatringen i brystet viser at dette er ein fugl i sitt andre leveår.