– Eg har lenge hatt lyst til å prøve å opne til vinterferien, og sidan påska er så tidleg i år, passa det bra å gjere det nå, seier Jorun Svingen på Sota Sæter i Skjåk.

Allereie fredag denne veka opnar DNT-hytta ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark.

– Det er mange hytter i området, og nå har hyttefolket og andre moglegheit til å få seg litt i livet etter ein skitur i vinterferien, seier Jorun Svingen som lovar fersk kaffi, nysteikte vaflar og anna. I veke 8 og 9 vil det også vere middagsservering på Sota kvar ettermiddag.

Svingen fortel at ho har nokre bestillingar på overnatting i vinterferien, men at det fyrst og fremst er for å ha eit tilbod til hyttefolket og skiløparane ho opnar sesongen så tidleg som 19. februar i år. Turisthytta held ope til og med 2. påskedag, før den blir stengt til i sommar.

Dette er 14. sesongen på Sota Sæter for Jorun Svingen. Det er også hennar siste.

– Eg hadde bestemt meg for at når eg vart 67 år så skulle eg gjeva meg, men det er ikkje med lett hjarte eg gjer det. Eg held att oppseiinga mi lengst mogleg, vedgår Svingen.

Dama frå Trøndelag fortel at det har vore triveleg å vere vert på Sota Sæter, og at ho vil sakne alle dei trivelege hyttefolka, bygdefolka og turistane ho har vorte godt kjend med gjennom åra som hyttevert.

– Men om eg nå pensjonerer meg, så er det ikkje dermed sagt at eg ikkje skal til Sota att. Noko må ein jo finne på som pensjonist også, og det er mange flotte turmoglegheiter i området, sluttar Jorun Svingen som ynskjer alle velkomne til seters.

Vi kan også nemne at Gjendesheim Turisthytte i Sjodalen opnar for sesongen laurdag 20. februar.

Aldri har Sota Sæter opna for sesongen så tidleg som i år. Fredag denne veka opnar turisthytta. Foto: Hans Erik Kjosbakken