Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen inviterte til lesekonkurranse før sommarferien.

Alle ungar mellom seks og 15 år fekk i oppgåve å lese minst fem bøker. I Skjåk var det 62 ivrige lesarar med i konkurransen. Dei las i alt 1005 bøker, og slo dermed naboane Lom denne gongen. I Lom var det 61 deltakarar med, og lomværane las i alt 968 bøker.

I Vågå var det 43 born som melde seg på lesekonkurransen. Dei las i alt 655 bøker.

Dette var det åttande året med den felles lesekonkurransen «Sommar + Bok» i ferien. I alt, dersom vi tek med heile Nord-Gudbrandsdalen, var det med 377 born i konkurransen. Heile 4953 bøker vart lese. Alle ungane fekk armband for kvart leseskjema dei leverte inn. To nettbrett var hovudpremie. I tillegg vart det delt ut ulike premiar som til dømes bøker og kinobillettar.

Fredag kveld inviterte biblioteket i Skjåk til feiring og premieutdeling. Før premiane vart delt ut, hadde Klovnen Knut ei svært artig forestilling.

Jonas K. Stenersen vart så glad at han nesten ikkje visste kva han skulle gjera da han vart trekt ut som hovudvinnar. Han fekk eit flunkande nytt nettbrett! Foto: VIGDIS KROKEN