Vågå har eit lag i 4. divisjon og eit lag i 5. divisjon. Lom har ikkje 4. divisjonslag i år, men eit lag i 5. divisjon. Torsdag kveld møttest dei to nabokommunane til eit 5. divisjonsoppgjer i Grov.Lokaloppgjer betyr som regel stor spenning og høg temperatur, men slik vart det ikkje denne gongen. Litt tamt og litt slapt var det, og ingen kan klage på at Vågå kunne reise heim att med tre poeng i kofferten. Det var vel fortent. Lom hadde nokre sjansar, men fekk aldri omsett dei i mål.Målscorarar Vågå: Roar Ulen og Andreas Kleiven.
Nyheiter →
Vågå vann lokaloppgjeret
Vågå slo Lom 2-0 i Grov torsdag kveld.