Gule Sider står bak konkurransen «Min campingfavoritt» som blir avgjort i slutten av juli.

322 campingplassar er nominert, og det er til nå avgjeve nær 5.000 stemmer. Mange av desse har gått til Dønfoss som nå ligg på ein sterk fjerdeplass.

– Det har vore eit stort engasjement, både i form av stemmer og kommentarar rundt Dønfoss camping den siste veka, seier produktsjef i Gule Sider, Håvard Atle Skaug.

Sjølv om det er Gule Sider som står bak kåringa, er det campinggjestane sjølve som nominerer og stemmer fram sine favorittar.

Dønfoss ligg fredag bak campingplassane Olderelv, Midnattsol og Omlidstranda i denne ferie-konkurransen.

Ein kan stemme på sin favoritt ved å besøke sida mincampingfavoritt.no innan 31. juli.