Det er slutt på sommaren for denne gongen. I helga går vi over til vintertid.
Natt til sundag 25. oktober skal klokka stillast ein time attende frå klokka 03.00 til klokka 02.00.
Ein grei hugseregel for dette med stilling av klokka, er at du heile tida skal stille den mot sommaren. Altså skal vi stille klokka ein time fram om våren, sidan vi da ser fram mot sommaren, medan vi stiller den ein time attende om hausten, sidan vi da ser attende på sommaren.
Neste gong klokka skal stillast er natt til sundag 27. mars 2016. Da er det sommartid att.