Måndag føremiddag har ein geolog vore og vurdert rasfaren i skråninga ned mot riksvegen, ved hjelp av drone.
– Det ligg att ein del snø oppe i lia, som kan rase ned i vegbana under gitte vêrtilhøve, seier seksjonsleiar Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen, vegavdeling Oppland.
På bakgrunn av dette vil vegvesenet stengje det innerste køyrefeltet, og ljosregulere trafikken forbi Byrbergtunnelen mellom klokka 14.00 og 19.00.
Den aktuelle strekninga er på om lag 200 meter på kvar side av tunnelen.
– I fyrste omgang gjer vi dette måndag. Så vil vi vurdere fortløpande om det er naudsynt vidare i påska, seier Stensrud.
Det var laurdag og sundag at det rasa over riksvegen ved Byrbergtunnelen på grensa mellom Lom og Vågå. Det fyrste snøraset gjekk klokka 14.15. Klokka 17.46 sundag gjekk eit nytt ras. Det siste raset så langt gjekk klokka 18.53 sundag kveld.