Her låg kyrkja kongen ville selja som skrapgods

At den fyrste kyrkja i Skjåk låg akkurat her, kan kanskje ikkje dokumenterast, men gardsnamnet Hove fortel at dette allereie i førkristen tid var ein stad for gudedyrking. Og overgangen frå ein norrøn kult- og offerplass til eit kristent gudshus var stutt.