24 dagar. 24 ottadølar. Greier du å avsløre årets deltakarar? Premiering kvar dag.

Etter fjorårets suksess med «Fjukens Nissorama» på Fjuken-TV i desember, måtte vi berre køyre på med ein sesong to av den populære adventskalenderen.

Nå har vi plukka ut 24 nye personar i alle aldrar frå Skjåk, Lom og Vågå, som vi har kledd opp i nissemaske og nissedrakt.

Frå fredag 1. desember og kvar dag fram til sundag 24. desember, presenterer vi ein ny «nisse».

Under presentasjonen vil eit ekspertpanel mellom anna stille «nissen» ein rekkje ja og nei-spørsmål, som hen må svare på.

Ekspertpanelet består av den beint fram illsinte Ola Sørøvre, og den alltid like forskrekka Fjuken-nissen.

Bli med på moroa, ver detektiv og gjett deg fram til kven som er «nisse».

Slik deltek du i «Fjukens Nissorama»:

Sjå dagens video på www.fjuken.no, og gjett deg fram til kven som gøymer seg bak maska. Deretter sender du oss ein e-post til konkurranse@fjuken.no eller ei tekstmelding til 970 65 025, der du skriv kven du trur dagens nisse er, innan midnatt. Hugs å skrive namn og adresse, i tilfelle du vinn. Kvar dag trekkjer vi nemleg ut éin person som får ei førjulsgåve frå Fjuken. Vinnaren blir kunngjort kvar dag.

Kvar episode startar med avmasking av gårsdagens «nisse».

«Fjukens Nissorama» er tilgjengeleg på Fjuken-TV for alle, både abonnentar og ikkje-abonnentar.