Pengane som blir samla inn vil gå til å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt, med fokus på landa Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og også Noreg.

Vågå, som mange andre kommuner, stiller opp for aksjonen og har normalt hatt eit stort apparat av bøsseberarar som har gått frå dør til dør.

– Dette med bøsseberarar blir det ei endring på i år, seier leiar for aksjonskomiteen i Vågå, Inger Kari Sæta. Vi ser at det er stadig færre som har kontantar tilgjengeleg, og utviklinga statistisk viser at det kjem inn ein større andel via digitale kanalar enn i bøssene på innsamlingsdagen. Mange kommunar har vald å gå heilt over til digital innsamling, og vi ønskjer å prøve dette også i Vågå, der vi i staden oppmodar folk til å nytte Vipps eller andre digitale metodar, fortel Sæta.

I veka før TV-aksjonen vil det vera fleire arrangement i bygda, der det vil vere mogleg å gje kontantar for dei som ønskjer å gjera det. Mellom anna ein konsert på Frivilligsentralen fredag der Mads Erik Odde og Paulo Macamo har med seg kulturskuleelevar på trekkspel, fele og song.

– Det vil òg vera mogleg å gje på frivilligsentralen i veka før aksjonssøndagen, kan Sæta opplyse.