Stenginga av E6 skjedde ved Nord-Sel kyrkje, om lag ei mil nord for Otta, klokka 16.30 laurdag ettermiddag, og skuldast at det har gått eit steinras.

Det opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.

I fylgje politiet skal ikkje vegbana vera treft, men det fryktast at det kan gå nye ras.

Både politi og brannvesen er på staden laurdag ettermiddag.

Politiet opplyser at vegtrafikksentralen i Statens vegvesen vil koordinere vidare tiltak.

Rett før klokka 18 blir det opplyst frå vegtrafikksentralen at det er uvisst når E6 vil bli opna att for trafikk.

Rett før klokka 19 vart vegen opna att for trafikk.

– Vegen er nå open med manuell dirigering, og etter kvart vil det bli lysregulert forbi rasstaden, opplyser Vegtrafikksentralen.