Onsdag 14. juni rundt klokka 12.00 blir det gjennomført ein fullskala test av det nye varslingssystemet.

Det vil pipe og vibrere i mobiltelefonar over heile landet når politiet sender test av naudvarsel til millionar av mobiltelefonar, samstundes som Sivilforsvaret trykker på knappen for test av over 1.200 sireneanlegg.

Varslingsprøva vil kunne merkast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samstundes. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) oppfordrar til å snakke med sine nærmaste – barn, eldre og andre rundt seg på førehand – slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er en test.

Testen onsdag 14. juni går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som befinn seg i Noreg og som er kopla på 4G/5G. Dersom ein ikkje har oppdatert telefonen sin, kan det hende testvarselet ikkje kjem fram.

Lydlaus, lav lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt. Mobiltelefonar som mottek testen vil vibrere og spele av ein høg sireneaktig lyd i cirka 10 sekund. Ein tekst som forklarar at dette er ein test av naudvarsel vil dukke opp på skjermen.