Det opplyser Meteorologisk institutt (MET) i ei pressemelding.

MET tilbyr nå «21-dagersvarselet» på nettstaden Yr.no.

Yr har sidan starten i 2007 hatt vêrvarsel for 10 dagar fram, men nå utvidar MET varslingsperioden til heile 21 dagar.

Et vêvarsel så langt fram i tid er typisk meir usikkert enn eit vêrvarsel for dei neste dagane. Difor har Yr delt varselet inn i tre rullerande sju-dagars bolkar.

«21-dagersvarselet» viser, som namnet tilseier, vêrutviklinga 21 dagar framover i tid. Vêrvarsla viser temperaturutvikling og sjanse for nedbør dag for dag, og også ein oppsummeringsboks med oversikt veke for veke, tre veker fram.

I fylgje MET vil desse langtidsvarsla fyrst og fremst fortelja noko om sannsyn og trendar, og vil til dømes ikkje seie noko om akkurat når på dagen det byrjar å regne om 2-3 veker.

Varselet finn ein under fana «21-dagersvarsel» på nettstaden Yr.no.

Slik ser det nye 21-dagarsvarselet ut. Dette eksempelet viser varselet for Bismo dei neste tre vekene. Foto: Skjermdump/Yr.no

Det nye langtidsvarselet er opphavleg basert på tre ulike vêrvarslingsmodellar, som alle oppdaterer seg med ulikt tidsintervall og har ulik geografisk oppløysing.

Ein betydeleg innsats har vore gjort for å gjera det nye varselet til eit sømlaust vêrvarsel, som til ein kvar tid også samsvarer med det opphavlege 10-dagarsvarselet.

I likskap med det vanlege varselet på Yr, er også «21-dagersvarselet» kalibrert mellom anna ved hjelp av data innhenta frå private vêrstasjonar.

Det nye varselet har lenge vore ynskt frå ulike brukargrupper. Det fortel Bård Fjukstad, som er varslingsdirektør ved MET.

– Med «21-dagersvarselet» utvidar vi tilbodet på ein god og nyttig måte, seier Fjukstad.

Tilbodet vil i fyrste omgang vera tilgjengelig berre på nett, men vil seinare også dukke opp i Yr-appen.