Ein mann i 60-åra er sikta for å ha køyrd i ruspåverka tilstand, og har fått førarkortet beslaglagt, etter ei utforkøyring på fylkesveg 51 i Sjodalen i Vågå fredag.

– Utforkøyringa skjedde rett før klokka 15 i ettermiddag, men vi har halde på med saka fram til nå, seier operasjonsleiar Øyvind Bakken i Innlandet politidistrikt til Fjuken ved 19-tida.

Bakken fortel at politiet fekk melding om ein bil som hadde køyrd av vegen ved Bessheim Fjellstue.

– Sjåføren vart oppfatta som rusa av forbipasserande, som varsla politiet. Politiet rykka ut til staden. Det var ingen personskade. Nødvendige prøver vart sikra, og mannen er sikta for å ha køyrd i ruspåverka tilstand. Førarkortet er beslaglagt, seier operasjonsleiaren.

Mannen er, i fylgje politiet, ikkje heimehøyrande i vårt distrikt. Det var ingen andre involverte i utforkøyringa.