Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen opplyser at Fv51 over Valdresflye vart opna att for trafikk klokka 17 torsdag ettermiddag. Vegen har vore stengt på grunn av uvêr og vanskelege køyreforhold.
Når det gjeld Fv55 over Sognefjellet, som også vart stengt på grunn av uvêr, vil ikkje vegen her bli opna att for trafikk torsdag. I fylgje Statens vegvesen vil det bli gjort ei ny vurdering fredag klokka 12.
Også Fv63 Geirangervegen er fortsatt stengt. Her vil det bli gjort ei ny vurdering klokka 13 fredag.