Det opplyser brannsjefen i Lom og Skjåk brannvesen og skogbrukssjefen for kommunane Lom og Skjåk i ei pressemelding tysdag.

– Det er nå svært tørt i Lom og Skjåk og det er stor skogbrannfare. Ei lita gneist kan gje enorme konsekvensar. Det er nå forbod mot all bruk av open eld i skog og mark, jamfør forskrift om brannførebygging. Det er ikkje tillate å tenne bål, bruke primus eller eingongsgrill eller gjera opp open eld på noko vis. Forbodet gjeld også på alle etablerte bålplassar, og det er ikkje noko unntak på sankthanseftan. Slik vêrforholda er nå, er det ikkje trygt å tenne sankthansbål, opplyser brannsjefen og skogbrukssjefen.

Det er nå forbod mot all bruk av open eld i skog og mark, jamfør forskrift om brannførebygging. Her frå Uppnåse i 2021. Foto: Lom og Skjåk brannvesen

Skogbrukssjefen i Lom og Skjåk understrekar at store delar av skogen i Lom og Skjåk er furuskog på grunnlendt mark som er rekna som typisk skogbrannskog.

– Sjølv der det er kome lokal nedbør er det ikkje nokon særleg råme i skogbotn. Det vil vera stor skogbrannfare heilt til det kjem nedbør av betydning, seier skogbrukssjefen.

Dersom du ser at det brenn, ring 110 umiddelbart. Om du ser røykutvikling og du er i tvil; ring vakttelefonen til Lom og Skjåk brannvesen på telefonnummer 95989944.

Vågå brannvesen opplyser at det er lokal stor skogbrannfare i Vågå inntil det kjem nedbør av betydning.

– Vegetasjon kan lett antenne, og store område kan bli berørt. Respekter og fylg det generelle bålforbodet. Hald fyrstikkene i lomma, og ha med matpakke eller pølser på termos, oppmodar Vågå brannvesen.