Eit halvår etter at gravemaskinskuffa vart sett i jorda, kunne Randi Valde og Roar Sletten på Sygard Valde og Lars Erik Viste og Linda Hjellet Viste på Nordigard Viste, ta i bruk det nye fellesfjøset som frå nyttår vil gå under namnet Visteroa samdrift.

Dei fire seier seg svært godt nøgd med resultatet der dei sit oppe i opphaldsrommet med panoramautsikt over fjøset.

– Fjøset vart slik vi ville ha det.

Styrking av området

Dei to para fortel at ein av grunnane som ligg bak satsinga, er for å møte lausdriftskrava som kjem i 2034, og kravet om sjukebinge og fødebinge som kjem i 2023.

Frå opphaldsrommet har dei god utsikt over fjøset. I etasjen under finn ein kontor, garderobe, dusj, toalett og teknisk rom. Foto: Arve Danielsen

– At vi slår oss saman betyr også at vi ynskjer drift på gardane våre, noko som er ei styrking av området, seier Linda Hjellet Viste.

– Vi driv i lag og deler på arbeidet, men det er fyrst og fremst Linda og Randi som skal ta seg av fjøsstellet og ha inntekta si frå her, seier Roar Sletten.

Både han og Lars Erik Viste har sitt daglege arbeid utanom garden, men alle fire er i fjøset kvar dag.

Lokale leverandørar

Gravearbeidet starta den 29. april og golvet vart støypt ein månad seinare.

Roar Sletten fortel at det gjekk seks og ei halv veke frå betongarbeidet starta til fjøset var under tak.

Det er Randi Valde og Linda Hjellet Viste som fyrst og fremst skal ha inntekta si frå fellesfjøset. Foto: Arve Danielsen

Det er Fjøssystemer som har vore leverandør av nyfjøset som er sett opp med konstruksjonar av stål. I tillegg er det brukt lokale firma som Blåhø VVS og Blåhø Elektro.

– Vi ynskte å bruke lokale leverandørar der det var mogleg, seier Lars Erik Viste.

Både han og dei tre andre rosar samarbeidet med entreprenør og dei ulike faggruppene som var innom.

Massivtre

Det er freda hus både på Sygard Valde og på Nordigard Viste. Når ein skal byggje nytt moderne fjøs inntil freda hus, er det ein del ting som må takast omsyn til.

Fylkeskommunen ville såleis ha eit ord med i laget når det galdt fasade og bruk av materialar.

Mattid i fjøset. Linda Hjellet Viste deler ut kraftfôr. Foto: Arve Danielsen

Roar Sletten fortel at valet fell på bruk av massivtre innvendig frå Gudbrandsdal Massivtre og panel frå Langmorkje Almenning utvendig. Denne løysinga med bruk av tre, gjorde at dei fekk støtte frå Innovasjon Norge til byggjeprosjektet. Innlandet fylkeskommune har også gjeve støtte for meirkostnaden ved bruk av trematerialar.

Eigeninnsats

Det nye fellesfjøset er på 1.340 kvadratmeter og har ein storleik på 57 gonger 24 meter.

Fjøset har plass til 93 liggjebåsar der dei i dag har 63 mjølkekyr og 27 ammekyr.

I starten skal dei produsere og levere 450 tonn mjølk.

Kalvane likar å bli klødd og kosa med. Foto: Arve Danielsen

Randi Valde fortel at det gamle fjøset på Sygard Valde skal brukast til ungdyr, kalvar og kviger.

Dei to para har saman med vener og familie lagt ned stor eigeninnsats i bygginga av fjøset. Og travle dagar har det også vore etter innflyttinga. Den 5. november flytta ammekyrne inn i nyfjøset, fire dagar seinare kom resten etter.

Etter eit par dagar med rauting, vart det stille i fjøset. Eit teikn på at kyrne treivst i den nye heimen sin.

Dagleg kontakt

Mjølkekyrne som var vande med å stå i bås, skulle nå gå til mjølkeroboten for å bli mjølka.

Mjølkeroboten er den nye kvardagen i fjøset både for kyrne og «budeiene» Linda Hjellet Viste og Randi Valde. Foto: Arve Danielsen

Linda og Randi fortel at dei måtte leie kyrne gjennom roboten i starten. To-tre dagar tok det før kyrne hadde lært den nye kvardagen i fjøset.

– Det vart mange timar i fjøset dei fyrste dagane, seier Linda Hjellet Viste.

Ein av dei største forskjellane frå gamlefjøset til det nye moderne fjøset, er bruk av data.

Her kan fjøseigarane lese av data for tyggetid, liggjetid og mjølkekvalitet.

– Nå kan vi bruke meir tid på dyra og følgje med dei. Den daglege kontakten med kyrne er viktig for å skape relasjon og tillit. Ein ser ikkje om ei ku halte på data, seier Randi for å understreke kor viktig det er med «budeiene» i fjøset.

Randi Valde på veg for å gje kalvane mjølk. Foto: Arve Danielsen

Og det er ikkje berre kyrne som treng ekstra stell og omtanke. Det same gjeld kalvane, som også treng å bli klødd og kosa med for å bli vande med folk.

Fôringsautomat

Ein annan installasjon som er plassert innanfor porten til fjøset, er ein fullfôrblandar som tek fire rundballar om gongen. Frå den går fôringsautomaten på band innover fjøset.

– Nordheradsprosjektet har gjeve støtte til fôringsautomaten. Støtta frå dei gjorde at nyfjøset vart komplett. Det er vi svært glade for, seier Roar Sletten.

Lars Erik Viste og Roar Sletten er glade for støtta frå Nordheradsprosjektet til fôringsautomaten. Foto: Arve Danielsen

– Tidsbruken med mjølkerobot og fôringsautomaten har gjort det mykje enklare å vera i fjøset, seier Lars Erik Viste.

Elles har fjøseigarane lagt inn vassbore varme frå eksisterande anlegg på garden. Kravet til brannvarslingsanlegg er oppfylt og dei skal lage ein energiplan for å vurdere solcellepanel.

På nyåret blir det ope fjøs i Visteroa samdrift for at fleire skal få moglegheit til å sjå nyfjøset.

Fullfôrblandaren tek fire rundballar om gongen. Foto: Arve Danielsen
Fôringsautomaten sørgjer for at fôret og rett mengde dett ned på rett plass. Foto: Arve Danielsen
Lars Erik Viste og Roar Sletten ved mjølketanken som rommar seks tusen liter. Foto: Arve Danielsen
Det er ikkje berre stuegolvet som blir gjort reint av ein robot. Foto: Arve Danielsen