– Det vil vera ustabile forhold i fjellet i helga. Hard vind og mykje nedbør som snø i høgda gjev stor oppsamling av fokksnø i leområde. Desse fokksnøflaka kan losne av seg sjølv, og nokre stader føre til store skred som kan nå langt, seier vaktleder i NVE Jørgen Kvalberg.

NVE oppfordrar kommunar og beredskapsaktørar til å førebu seg og vurdere behovet for tiltak. Dette gjeld særlag i områda der det er varsla faregrad 4 - raudt nivå, slik som i våre område.

Kraftig vind opp i liten storm styrke kombinert med nedbør betyr at det ikkje er gode forhold for å dra ut på tur i fjellet i helga. Viss ein likevel har tenkt seg ut er rådet frå snøskredvarslinga å halde god avstand til skredterreng:

– Viss du har tenkt deg ut på tur bør du halde god avstand til skredterreng. I fjellet har det mange stader kome betydeleg med snø sist veke, som fører til at skred som losnar kan bli store og nå langt, seier Kvalberg.

Han oppfordrar vidare til å dele observasjonar av ferske skred og snøforholda på Varsom-appen.