Klokka 13.23 onsdag fekk politiet melding om brann i ein bubil på riksveg 15 ved Grotli høgfjellshotell i Skjåk.

Naudetatar rykka ut til staden. Brannvesenet sløkte brannen.

I fylgje politiet var det to personar i bubilen, og desse har fått i seg noko røyk. Dei to personane vart køyrd til legevakt for sjekk.

Politiet har oppretta sak.