Det var stauder, jordbærplanter og elles mykje anna som både vil bli til glede og nytte når det kjem i jorda og får litt sol og ein sommar på seg.

Dei fire jentene fortalde at dei selde til inntekt for klassekassa, og at dei er tredjeklassingar alle saman.

Mammaen til ei av jentene, Rannveig Henriksen, fortel at det er andre året at dei sel planter og at dei på den måten lærer seg å spare til eit formål nokre år fram i tid. Kanskje til ein klassetur?

Det er pappa Stian Bøhle som er primus motor bak det heile, men vi får fortalt at mange i foreldregruppa er med og bidreg til såing og deling av planter.