Det var klokka 15.46 tysdag ettermiddag at politiet fekk melding om ei ulykke i Vågåmo sentrum.

I fylgje politiet skal det vera prat om ein samanstøyt mellom ein bil og ein syklist ved Vågåkyrkja.

Etter at bilen har køyrd på syklisten har den køyrd gjennom eit skifergjerde og hamna inne på kyrkjegarden, der bilen har køyrd ned fleire gravsteinar.

Etter det Fjuken kjenner til er det prat om i alt fem gravsteinar som er nedkøyrd utanfor Vågåkyrkja.

I fylgje politiet er det ingen personskadar. Politiet er på staden og dei involverte er sjekka av helsevesenet.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.46. Ingen personar vart skadde, opplyser politiet i Innlandet. Foto: Arve Danielsen