Det sa 12-åringen Jens Dalen frå Tessanden da han kunne melde frå om funnet han hadde gjort på brua mellom skiheisane på Lemonsjøen laurdag.

– Eg var ute og leitte. Fyrst i barneheisen, sidan eg rekna med at det skulle vera mogleg for alle å finne den. Der var ho ikkje. Da eg skulle leite vidare på andre sida av vegen, så kom eg berre tilfeldig over ho, fortalte han vidare.

Jens vart glad for påskeegget han fekk utlevert som premie og takka pent.

– Dette skal eg dele med dei heime, fastslo han.

– Kva for planar har du i påska?

– Eg skal stå på ski her på Lemonsjøen. Det er det eg likar best, og eg er her nesten kvar helg. Og så skal eg kanskje på hytta på Stålom med familien, svara Jens.

Vi i Fjuken har fleire påskeegg vi vil dele ut i påska, så følg med for informasjon om kor og når du kan jakte på Fjuken-flasker!