Ingrid Aas Haugtredet frå Lom, Jorid Skogen Vorkinn frå Vågå og Margit Kvalheim frå Skjåk bur i Trondheim, der dei trivst svært godt. Ingrid og Jorid er studentar, medan Margit har fast jobb på St. Olavs Hospital. Sjølv om jentene trivst godt i «bartebyen», saknar dei heimbygdene sine innimellom.
Foto: Tom Erik Solstad
Ingrid, Jorid og Margit skal heim til «nisseland» og feire jul
Ottadølane Ingrid Aas Haugtredet, Jorid Skogen Vorkinn og Margit Kvalheim bur i den populære studiebyen Trondheim. Her trivst dei svært godt, men jula er dei fast bestemde på å feire heime i «nisselandet» Ottadalen.