Tek du bilde på nasjonaldagen, kvifor ikkje dele dei med Fjuken sine lesarar?

Send inn bilde (helst i breiddeformat) frå nasjonaldagsfeiringa på e-post til redaksjon@fjuken.no. Skriv gjerne ei lita bildetekst. Hugs namn på fotograf, og at dei du eventuelt tek bilde av må godkjenne at du sender inn bildet til Fjuken.

Eit utval av bilda vi får inn vil bli publisert i papiravisa torsdag 19. mai.

Vi trekkjer i tillegg ut tre personar som får ei overrasking i posten.

Du kan også sende oss 17. mai-bilde via Instagram ved å merke bilda med emneknaggen #fjukenavis.