Skyttaren frå Lom og Skjåk skyttarlag hadde håpa på ein plass på kongelaget under Landsskyttarstemnet på Lesja.

Tor Gaute Jøingsli fekk 245 poeng på baneskytinga onsdag. Dermed glapp plassen på kongelaget.

– Eg følte eg skaut godt. Det var ei brukbar gjennomføring, men eg skaut skeive seriar der hårfine niarar var nok til å hamne utanfor. Skal ein vinne må ein skyte godt og ha marginane på si side. Eg skaut godt, men hadde ikkje marginane på mi side. Da blir det berre nesten, seier Jøingsli. Han seier at årets Landsskyttarstemne er det han har skote best på.

Torsdag er det finaleskyting med ti skot liggjande som skal gjennomførast på 75 sekund.

Tor Gaute Jøingsli har same poengsum som halve kongelaget og seier at han absolutt kan skyte seg til ei topp ti plassering, ja faktisk topp fem om marginane er på hans side.

Torsdag skyt Jøingsli på nest siste laget, rett før kongelaget.