– Dette er stort for heile regionen. Vi er svært glade for at reiselivsnæringa i Skjåk har tillit til at administrasjonen i Nasjonalparkriket Reiseliv vil gjera ein god jobb med marknadsføringa av alle dei flotte produkta i Skjåk. Vi gler oss til å ta fatt på oppgåva, seier reiselivssjef Silje Flatmoen i Nasjonalparkriket Reiseliv.Nasjonalparkriket Reiseliv er nå eigd av næringa i Dovre, Lesja, Sel, Lom, Skjåk og Vågå gjennom eigarlaga Bjorli-Lesja Næringslag, Dovre Næringsforening, Sel-Rondane Reiselivslag, Visit Lom-Jotunheimen, Visit Skjåk-Reinheimen og Breheimen og Vågå Reiselivslag.

– At det er næringa som eig oss, og som legg føringar for korleis vi i administrasjonen skal utføre oppgåvene vi blir tildelt, er svært viktig, seier Flatmoen.– Det er reiselivsbedriftene som kjenner eigne produkt og målgrupper best, medan vi heile tida tek pulsen på dei nasjonale og internasjonale trendene. Denne kombinasjonen fører til at vi blir sterke i konkurranse med dei andre nasjonale og internasjonale destinasjonane som vi konkurrerer med kvar einaste dag, meiner ho. 2014 vart eit godt år for reiselivet i Nord-Gudbrandsdalen. Dei offisielle overnattingsstatistikkane frå Statistisk Sentralbyrå synte ein auke på nesten åtte prosent i antal gjestedøgn samanlikna med året før. Tal frå januar og februar 2015, som nyleg vart offentleggjort, er enda betre.

– For januar og februar hadde Nasjonalparkriket ein auke på heile 27,7 prosent, som utgjer over 6.500 ekstra gjestedøgn samanlikna med same periode i 2014. Til samanlikning hadde midtdalen ein auke på 16,4 prosent og sørdalen 4,7 prosent, opplyser Flatmoen.