Det vart eit skikkeleg mageplask for dei opphavlege planane på Valdresflye og Gjendeosen da fylkestinget torsdag løyvde pengar til satsinga på Nasjonal turistveg langs fylkesveg 51 Valdresflye.

Det skriv Oppland fylkeskommune på sine nettsider.

Statens vegvesen har brukt opp sine turistvegpengar i satsinga på Trollstigen, og fylkeskommunen er beden om å ta hovudansvaret for fyrste etappe av utbygginga.

Valdresflye

Økonomien set ein stoppar for den private delen av utbygginga av ikonbygget på toppen av «Flye».

Det omfattande prosjektet Valdresflye 1389 var prisa til 70 millionar kroner, og var tenkt å vere eit spleiselag mellom eigaren av nåverande Valdresflya vandrarheim, turistvegprosjektet til Statens vegvesen og Oppland fylkeskommune.

Tilbake står behovet for eit toalett på Valdresflye. Det gjev eit utsiktsrom/ varmestue med toalett til rundt 25 millionar kroner, skildra som «to ulike steinar på ei betongflate». Fylkeskommunen bruker dei 12,5 millionane som var avsett til det opphavlege prosjektet.

Gjendeosen

På Gjendeosen har Statens vegvesen, Vågå kommune og Oppland fylkeskommune inngått ei samarbeidsavtale om parkeringsplass/toalett på Reinsvangen, ny brygge med lager for Gjendebåten, parkeringsplass, stig langs og bru over Sjoa, og i neste omgang eit nytt servicebygg ved Gjendeosen.

Total prislapp for planane ved Reinsvangen og Gjendeosen var 109 millionar kroner, og målet vart at alt skulle stå klart i løpet av 2021.

Nå blir det i staden berre toalett og parkering. Og ikkje noko ikon...