Gjennom meir enn 150 år har brunosten hatt ein sentral plass på matbordet hjå oss nordmenn. Brunosten er ein folkekjær kvardagsfavoritt mange ikkje kan leve utan.

I februar 2016 kjem brunostane frå TINE i heilt ny drakt. Designarane hjå klesprodusenten Moods of Norway har fått fritt spelerom av TINE til å lage nytt design, for å hylle og setje farge på kvardagen.

Gjennom samarbeidet til TINE og Moods of Norway er målet å bidra til å lyfte kvardagshelten fram i butikkhylla, og i kjøleskapet i norske heimar.

– Dette er ein draum som har gått i oppfylling for oss. Bruken av tradisjonelle norske ikon i moderne og aktuell design på ein ny og leiken måte, er det som har gjeve oss vår spesielle plass i moteverda. Og nå har TINE late oss få lov til å leike med eitt av dei største norske ikona, brunosten. Det står det respekt av, seier Simen Staalnacke i Moods of Norway i ei pressemelding.

Kollega Peder Børresen fortel at brunosten si ikoniske, firkanta form er utgangspunktet for det felles kommunikasjonskonseptet «It's hip to be square» som på norsk betyr «Det er kult å vere firkanta». Desse engelske orda skal pryde brunostinnpakningane frå februar neste år. Gudbrandsdalsosten G35 får rosa innpakning.

– Dette blir ein hyllest til kvardagen og A4-livet. Vi har teke utgangspunkt i karaktertrekk som kjenneteiknar oss nordmenn. Vi er ikkje kjende for å like å stikke oss ut, og kvardagen vår likar vi best med rutinar og vaner. Men vi er eit stolt folk som likar å heie på heltane våre, og det er utgangspunktet for designet, seier Peder Børresen.

Marknadsdirektøren i TINE, Kathrine Mo, er godt nøgd med samarbeidet og kva Moods of Norway har fått til.

– Er det éin ting som er heilt sikkert, så er det at nordmenn elskar brunost, og dette grepet skal bidra til at dei hugsar på den også, seier Mo.

TINE samarbeider med Moods of Norway. Frå venstre: Peder Børresen (Moods of Norway), Kathrine Mo (TINE) og Simen Staalnacke (Moods of Norway). Foto: Pressebilde