Knut Erik Tessnes fekk sine fyrste slalåmski som 11-åring. Dette vart starten på eit liv med ski, snø og fjell. At han i tillegg fekk fjellet som arbeidsplass på Jotunfjell leirskule nedunder Galdhøpiggen, kallar han for ein stor batteriladar.
Knut Erik, eller «Tesso» som han blir kalla blant kameratar, er eit produkt av miljøet han voks opp i som unge.
– Eg var ein av mange som brukte skitrekket i Jetta. Ein flott læringsarena. Sosialt, utfordrande og mange flinke eldre som ein lærte mykje av, seier Knut Erik Tessnes.
Han seier at Jetta hadde same gode miljøet som ein finn på Lemonsjøen i dag.
– Eg har aldri vore interessert i konkurranse, med desto ivrigare på å meistre alt av snø og terreng på ski. Ein filosofi eg framleis lever etter og prøver å lære andre, både på leirskulen, gjennom Besseggen Fjellsport og Gjendeguiden, seier han.
I ungdomen kasta Knut Erik seg på telemarkbølgja og byrja å køyre på ski med laus hæl.
Han seier at skikøyring på enkelt telemarksutstyr gav større utfordringar enn tradisjonelt alpinutstyr.
– Dette gav større meistringskjensle, og gav fjellturen ein ekstra dimensjon med tanke på turen ned att, seier Knut Erik.
På leirskulen såg han kor viktig det er med god opplæring på ski, der ein med nokre få grunnprinsipp får stødige skiløparar på fire-fem dagar. Når motivasjonen er på plass.
– I dag er dette viktigare enn nokon gong, ettersom mange unge og vaksne stort sett er i aktivitet på flatt underlag, i arbeid, skule og fritid. Dei slit med å vere mjuke i knea på ski i vekslande terreng og føre, seier han.
Livet på ski og mange år over tregrensa har prega Knut Erik Tessnes. I ungdomen var han den fyrste «skibomsen» frå Vågå som reiste til Alpane for å stå på ski. Det var ikkje vanleg å reise bort tre-fire månader for å stå på ski den tida, og det krevde hard argumentasjon i heimen for å reise.
Knut Erik fortel at han var både i Austerrike, Frankrike og USA for å køyre på ski. Han reiste til og med einsleg til Argentina.
– Å vere skiboms var ei danningsreise. Når ein skal leve av ei månadsløn på tre månader, måtte ein lære å snu på krona, seier han.
I dag er det nesten obligatorisk med ein sesong eller to i Alpane.
– Eg har vore heldig og unngått både større uhell og skadar, men trur nok det også er ein konsekvens av at meistring har vore viktigare enn prestasjon, og at eg tidleg byrja å arbeide med føring og leirskule slik at det var ugunstig å skade seg på fritida. Nokre skredhendingar har dessverre kome tett innpå livet, og det minste du kunne gjere, av respekt både for dei som vart råka av ulykker, og deg sjøl som vegleiar i friluftsliv, var å ta lærdom av det! Når du arbeider i fjellet er konsekvensane av dei vala du tek, både for deg sjølv og andre, avgjerande. Du må ha gode sikkerheitsmarginar med ansvar for grupper i høgfjellet, og når du har ansvar for hundre 12-åringar to tusen meter over havet i november i Jotunheimen, er gode rutinar og profesjonelle kollegaer heilt avgjerande, seier Knut Erik.
– Ingen skitur er verdt livet, legg han til.
Knut Erik Tessnes seier at fjellet har vore mykje meir enn ein arbeidsplass og aktivitesarena.
– Mange av dei eg har hatt med på turar, skulle ynskje at ein kunne få fjell- og skiturar på «blå resept». Det kan eg godt forstå. Livet inneheld både oppturar og nedturar, og i fjellet har eg hatt mykje ulik bagasje i sekken opp i gjennom åra. Det har vore til stor hjelp for meg å få kunne nytte fjellet til å handtere både dei største og dei tyngste stundene i livet. Den krafta som ligg i å få kunne ferdast fritt i dei mektige fjellområda rundt oss, har eit voldsomt potensiale, for enkeltmenneske så vel som for oss som arbeider i fjellet, seier Knut Erik.
Han seier at han kanskje meir enn tidlegare, i dag er glad for at han har moglegheit til å arbeide i fjellet, og også gje andre denne opplevinga. Dette gjeld like mykje for korte turar som større prosjekt.
– I vinter har nyvinninga «Grendarodeo» med Gjendeguiden gjeve meg mange fine stunder i nærområdet. Med ekte bygdavinter har det vore heilt fantastisk å kunne parkere i sentrum, ta en kveldstur opp Blessomlykkja i knedjup sjog, for å avslutte turen med kaffe på hotellet. Alt i løpet av ein tysdagskveld. Vågå har så mykje fint terreng, og passar alle, anten du vil rusle, sykle, padle eller berre sitja og sjå utover Vågåvatnet, seier Knut Erik Tessnes.