Gruppa Sol i Skuggeskog har gjennom musikarar, musikk og tekstar røtene sine I Ottadalen. Det er Skjåk-diktaren Finn Sandum som er opphav til gruppenamnet, og tekstane hans har prega gruppa og musikken.

Også på den nye plata; «Den eine», finn ein tekstar av Sandum, i tillegg til Aslaug Høydahl og gruppas eigen Einar Lian-Bjørgum.

Kjerna i musikken er melodien og ordet, og tematikken dreier seg mykje som før om lengsel, håp, kjærleik, sorg, sakn og glede.

Musikalsk lovar gruppa denne gongen at klassiske pop-element er meir framtredande i skuggeskogen enn nokon gong. Der fela tidlegare var melodiførande, finn ein nå både mellotron, hammondorgel, rhodes, steelgitar og bouzouki.