Det var tysdag at ein turgåar vart vâr eit plaststykke i vegkanten langs vegen som går frå Skårsbrekka og under Hovdaspiggen. Takka vere denne plasten vart det oppdaga ein elgskrott som låg nede i skogen.
Lensmann Tor Trønnes seier at elgoksen, ein toåring, er skote og slakta ein annan plass og frakta dit.
Det er lår, bogen og hovudet som er dumpa utfor vegskråninga. Ryggen og midtpartiet er borte.
Rett før helga vart det funne ein sau som var tjuvslakta i Rindalen.
– Vi er interessert i tips om nokon har sett bilar eller høyrt skot i området ovafor Lalm eller Heimfjellet, seier Trønnes.