Anders Gustav Bjørnsen som var Vågå Senterparti sin fyrstekandidat, har fått arbeid som dommarfullmektig i Nord-Gudbrandsdal tingrett, ei stilling som ikkje let seg kombinere med politisk arbeid.

Han har søkt partiet om fritak som har imøtekome denne.

– På styremøtet den 3. august vart Mette Vårdal vald som Vågå Senterparti sin ordførarkandidat, noko vi alle er særs nøgde med, skriv leiar Ove Turtum i ei pressemelding.

Mette Vårdal har vore med i kommunepolitikken sidan 2003, dei siste fire åra som leiar for hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg.

Turtum skriv at ho kjenner godt til det politiske virket i Vågå, sjølv om det er fyste gong Mette Vårdal stiller på liste for Senterpartiet.

Som kjent meldte Vårdal i 2014 seg ut av Vågå Arbeidarparti og sit som uavhengig representant ut denne perioden, fram til valet i september.

– Mette har eit stort engasjement og har vore ei tydeleg røyst i det politiske ordskiftet dei siste åra, og vi er glade for å ha ho med på laget som vår ordførarkandidat, skriv Turtum.

Anders Bjørnsen står fortsatt på Vågå Senterparti si liste for valet, og kjem til å delta aktivt i kommunepolitikken att når permisjonstida er over.