Vågåtreffen er i gang. Fredagskvelden var det jubileumskonsert i kulturhuset med Lendmenn som markerte at dei har runda ti år.
Kring hundre i salen fekk oppleve Lendmenn der spelegleda var på topp frå fyrste til siste tone.
Spelemennene i gruppa er alle er individualistar på sine instrument. Bjørn Kåre Odde på fele, Mads Erik Odde på trekkspel, Øyvind Sandum på trekkspel og toradar, Steinar Odde på gitar og Bjarne Odde på bass.
Men Lendmenn spelar også fletta av dei fleste om dei byter instrument. Steinar på trekkspel, Bjarne på einradar, Mads Erik på toradar, Bjørn Kåre på gitar og Øyvind på bass.
Berre høyr på videoen og leiken «Åste-Kari».