– Dette er viktig for å styrke fleire heilårs arbeidsplassar, sa ordførar Bjarne Eiolf Holø da formannskapet tysdag samrøystes gjekk inn for at Lom kommune søkjer om å få godkjent Fossbergom som typisk turiststad på heilårsbasis.

Basert på eit innspel frå Rolv Vegard Sandviken på Sport1 Lom, har reiseliv- og handelsbedrifter i Lom sentrum bede om at kommunen søkjer om at Fossbergom blir godkjent som turiststad på heilårsbasis. Brevet er signert av over 30 næringsaktørar i sentrum, både innan handel og reiseliv.

Det er kommunen som må søkje Fylkesmannen om ein slik godkjenning, og formannskapet såg dette som naturleg når reiseliv og handelsstanden sjølve ynskjer ein slik status.

Lom er kjent for å vere ein turistplass, og i sentrumet Fossbergom finst attraksjonar som Lom stavkyrkje, Bakeriet i Lom, Norsk Fjellmuseum, Fossheim Steinsenter, Lom bygdamuseum og ein rekke aktivitetar som klatretårn og tyrolertravers.

Lom har eit «merkenamn» som turiststad, på lik line med Beitostølen, Oppdal og Røros. Alle desse har status som turiststad på heilårsbasis.

Fossbergom har sidan 2005 hatt status som nasjonalparklandsby, som ein av fem i landet.