«FolkRekrutt» er eit rekrutteringsprosjekt innan tradisjonsmusikk- og dans for ungdomar frå heile Nord-Gudbrandsdalen.

Initiativtakar er Øyvind Sandum frå Lalm. Han har starta prosjektet saman med Vågå spel- og dansarlag, Vågå trekkspelklubb og Vågå kulturskule. Planen er å køyre samlingar over fire helger gjennom skuleåret 2015 og 2016. Ungdomane får undervisning i fele, torader, trekkspel, song og dans. Denne helga er dei samla i Vågå barneskule.

– Neste samling er i desember, opplyser Øyvind Sandum. Han fortel om svært dyktige ungdomar.

– Her har vi ei stor flokk med fantastiske talent, rett og slett. Eg gler meg stort over rekrutteringa og talenta vi har i generasjonen som kjem etter oss, rosar Sandum.