– Dette er ei påskjønning for den jobben som er gjort, alle timar som er lagt ned. Ein motivasjon til å fortsetje arbeidet, seier Frode Aaboen på Dønfoss Camping.

Dønfoss Camping vart starta i 1990 av Odny og Oddbjørn Aaboen. Sonen Frode og sambuar Charlotta Ericsson har teke over drifta av plassen.

Dei tykkjer det er god reklame å koma så høgt opp i konkurransen, og ekstra stort å vinne kåringa som Norges campingfavoritt.

Frode Aaboen fortel at campinggjestane har fått med seg kåringa av Norges campingfavoritt og at dette har engasjert.

– Det er artig å ha skapt noko som folk legg merke til, seier Oddbjørn Aaboen.

Sidan kåringa starta 16. juni har norske campinggjester nominert 541 campingplasser og gjeve meir enn 24.000 stemmer på sin campingfavoritt.

Dønfoss camping vann føre Olderelv camping i Skibotn. Randsverk camping kom på 11. plass og Sjodalen Hyttetun og Camping på 16. plass av 25 på topp lista.

Odny og Oddbjørn Aaboen starta campingplassen for 25 år sidan. Sonen Frode Aaboen og sambuar Charlotta Ericsson har teke over drifta. Foto: ARVE DANIELSEN