Aslaug Høydal kom til Skjåk som lærar tidleg på 1970-talet og vart buande i Skjåk livet ut.Ho var ein dyktig og respektert lærar. Mest kjend er ho nok for sitt forfattarskap. Ho skreiv mange bøker, og gjennom bøkene la ho for dagen eit sterkt samfunnsengasjement. Skjåk har dei siste åra hatt fleire forfattarjubileum, som Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim. I ei sak som blir lagt fram til behandling i kultur- og oppvekstutvalet neste veke, kjem det fram at det blir sett på som naturleg at Skjåk kommune går i bresjen også når 100-årsjubileet til Aslaug Høydal skal markerast. Privatpersonar er allereie på bana med fleire idear.– Ein ser føre seg ei nemnd på tre personar. Nemnda vurderer om det trengst fleire, og peikar sjølve ut aktuelle personar. Historielaget vil ha med ein representant. Vidare ser ein føre seg at ein av hennar næraste i omgangskrinsen i Lundagrenda blir med. Mari Brenna er den mest aktuelle. Arbeidet bør vera forankra i kommunen ved at ein politikar er med i nemnda, heiter det i saksutgreiinga.